torsdag 12. mars 2009

Stress og mas

No skal eg skrive eit lite klageinnlegg, så dokke er advarte!

Det er så mykje å styre med no at eg blir heilt galen! Vi har matteprøve i morgon, geografiinnlevering til søndag, samfunnsfagprøve på måndag og heilt sikkert 1000 milliardar fleire ting. I tillegg skal eg til Russland på pianokonkurranse om knapt ein månad, så eg har eit stort repertoar som må øvast på dag og natt... Eg har det gale, men eg ser det på den positive sida: Eg svelt i alle fall ikkje! Nei, eg har faktisk begynt å legge på meg ein del. Planen var å ta ein joggetur i dag, men det ser ut til at det blir litt seint, og dessutan e da greitt!

Det blei litt vel mykje klaging dette, noko som ikkje er heilt meg. Eg pleiar å vere på den positive sida som oftast, så lenge eg ikkje blir kalla liten eller tjukk! Kjetil synest jordbrukslandskap er fint. Kanskje fordi han er eit jordruk sjølv! HAHA

GOD NATT! DA E GREITT!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar