onsdag 11. mars 2009

Appell til folket!

Sidan eg er meir på skulen enn eg er på hybelen, tenkte eg at eg skulle lage fyrste innlegget her. Eg sit på det velkjende mac-rommet, der mange timar vert slaska vekk i løpet av dagen. Rundt meg sit geexza og gamar dota, medan eg gjer noko så fornuftig som å blogge! Eg har forsøkt meg på blogg før, men det var med lav grad av seriøsitet om eit ikkje så altfor seriøst tema. Fleire veit kva eg meinar, så eg ser liten grunn til å gå meir inn på det...

No er eg altså tilbake i bloggens verden på VERDSVEVEN, og eg er klar! Klar til å sprøyte ut mine fantastiske meiningar, hendingar og slikt frå det imba livet mitt og diverse anna smårusk og fnusk.

Eg håpar dette flotte innlegget mitt har gjort at du fekk lyst til å følgje meg på denne bløggereisa. Saman skal vi finne skilnaden liv og død, på draumar og røynda, på å vere og ikkje vere.

TAKK FOR MEG

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar