tirsdag 17. mars 2009

Skidag


I dag hadde vi skidag på Utvikfjellet! Det var kjekt for alle mann! Eg stod på nedoverski i bakkjen, og det gjekk som eit olja lyn! Eit skår i gleda var at ein viss bremning køyrde tre gongar så fort. I tillegg var det trist at Jørn og Kjetil feiga ut. Dei pysene gjekk tur!

Noko som var hyggjeleg og flott var at eg ikkje datt, men eg stod som ein påle! Eg trur Utvikfjellet skjønte at det blei eigd av Taklo-Svindal i dag. På slutten av dagen fekk vi så vidt tid til å grille oss ei kjøtpølse frå Nordfjord kjøt og ei lompe attpå! Eit par koppar kakao og nokre betar kvikklunsj glei også ned i magjen.

No seier eg god natt til alle mann og kvinner, så får dokke fleske dokke vel i senga!

NATTATTATA!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar